Oda Hjetland

Oda Hjetland

Nokre gongar kan livet by på utfordringar som gjer at det vert vanskeleg og ein kan få ein følelse av å vere fastlåst, at vonde følelsar dukkar opp igjen og igjen, eller at ein kanskje ikkje klarar å vere tilstades i livet sitt på den måten ein ynskjer. Uansett kva som måtte vere utgangspunktet ditt er eg oppteken av å møte deg akkurat der du er, at vi saman kan finne ut av og forsøke å forstå kva som gjer at det har blitt slik for deg og at vi kan finne nye måtar å forholde oss til det vonde på. Eg meiner at, å føle seg forstått, sett og akseptert er grobunn for positiv endring generelt i livet, også i terapi. Det er difor viktig for meg å møte deg med respekt, openheit og empati, samt den roa og tida du treng for å få satt ord på det som er viktig.

Eg er utdanna psykolog frå Universitetet i Bergen. Frå tidlegare av har eg erfaring med å ta imot mennesker med dei fleste livsvanskar og har jobba i spesialisthelsetjenesta (DPS), traumeavdelinga ved Modum Bad og med ungdom på vidaregåande skule. For tida er eg i sluttfasen i spesialiseringsforløpet innanfor emosjonsfokusert terapi, som er ei terapiform som går ut på å utforske, forstå og endre vanskelege og fastlåste følelsar.